Om heiskortkjøp i Koronatid

Heisann flotte skifolk

Kunstsnøanlegg køyrer morgon og kveld og me er i rute til å opne opp til mast 10 og barnetrekk i skisenteret til helga.

Denne sesongen hadde det vore fint om dei som ynskjer å kjøpe heiskort gjer det online. Det einaste du treng er eit Keycard. Me har ein liten guide til korleis ein gjer heiskortkjøp online her.

Det vil vere folk i luka, men jo meir me klarer å ta høgde for Covid - jo enklare blir det å halde skisenteret ope. Følg skiltinga og hald metern - så kjem me langt!

FAED447A-A92F-4608-B413-97BEF847E48D.png
Rikke Westvig