Om snøproduksjon i Sogn Skisenter
Me får ein del spørsmål rundt korleis me tenker snøproduksjon og kva som må til for å sette i gong kunstsnøanlegget.
Det korte svaret er minusgrader.
Det lange svaret er…
Det er riktig at me må ha minusgrader for å produsere snø. Neste faktor er vatn.
Me har eit basseng på ca. 4000m3 ved mast 15 i hovedtrekket, og eit basseng på ca. 20.000m3 ved avstigning Sognaheisen. Bassenga ligg på 600moh og 1000moh og det er bra, for det gir oss eit bra trykk på vatnet når me køyrer i gong og høgt trykk gir god snø, så lenge det er kaldt nok. Ved full produksjon varer bassenget i ca. 2.5.-3 dagar. Det tek ca. ei veke å fylle det att med normalt tilsig av vatn.
Produksjon frå bassenga skal dekke store areal i hovedbakken og barneområdet. I og med at areala er så store (og fine) så er me avhengige av å bruke vatn så effektivt som mogleg. Det er stor, for ikkje å sei enorm, skilnad i snømengde produsert ved -2 kontra -10 grader.
For å sikre bærekraft og nok volum snø med det vatnet me har køyrer me ikkje anlegget før gradestokken viser -4 og kaldare.
Korleis sol og luftfutigheit påverkar.
Sol og luftfuktighet speler inn og. Me kan ikkje ha for høg luftfugtligheit og me kan ikkje ha sol rett på snøkanona. Visste du at solstrålane faktisk har så høg varmeenergi at dei smeltar snøkrystalla som kjem ut av snøkanona? Difor er snøproduksjon eit kvelds- og nattarbeid. Vårt anlegg er ikkje automatisert, det går ikkje i gong av seg sjølv - vårt anlegg er manuelt og krev fleire arbeidstimer.
No veit du litt meir om snøproduksjon.. og du kan og vite at me ser på gradestokken oftere enn klokka på denne tida av året.
Me vil og veldig, veldig gjerne starte opp!