Takk for denne sesongen

Hei flotte skifolk

Da var sesongen i Sogn Skisenter over og me ynskjer å takke alle som har tatt turen til skisenteret i vinter.

Me hadde eigentleg ein ordentlig fin sesong fram til midten av mars. Ikkje berre fekk me merkelappen "Norges beste frikøyring frå heis", men me hadde ei flott auke i ungdommar i skigruppa og kanskje viktigst av alt, ein høg hyggefaktor i heile skisenteret. Høg hyggefaktor skal me halde fram med, sjølv om det ikkje blei heilt som me hadde tenkt denne vinteren.

Sesongen blei avslutta så alt for brått, og det stikk litt i hjartet på alle oss i drift at det blei slik når me var i så god driv og folk hadde det så kjekt.

Over 2000 dugnadstimar blir lagt ned i skisenteret for å skape gode skiopplevingar. Folk stiller opp i driftsoppgåver, styret og rydding - og uten den innsatsen hadde det ikkje vore mogleg å drive slik som me gjere i dag. Me ynskjer å gi eit heilhjerta takk til alle som er med å bidreg i Sogn Skisenter.

Me håper å sjå dykk neste sesong!

Helsing alle oss i Sogn Skisenter