Framleis stengt - Langrenn preppa

Hepp hei skifolk

Her kjem ei lita oppdatering frå oss.

Me veit fleire veldig gjerne skulle vore på ski hjå oss, men me held fram med stengt servicebygg og heis. Det vil ikkje være mogleg å gå på toalett etc.

Det me HAR gjort er å rydde parkeringa for snø og køyrd 13km og 5 km spor for langrenn. Me veit folk har energi og treng å få utløp for det. Me ser ikkje større problem med at folk tek seg ein tur på langrenn eller i akebakken.

🚩MEN!🚩

Me har så store områder at folk MÅ klare å halde avstand i sporet og på parkeringa. Det er utruleg viktig og ser me at folk ikkje gjer det, så stenger vi heilt ned.

Me ser og at folk går topptur i bakken. Det er heilt ok, men vit at me ikkje har folk i beredskap om de skulle være uheldige.

Ver smart.

Me ynskjer også at ting var annleis..men sånn er det.

Helsing alle oss i drift og dugnad Sogn Skisenter

Rikke Westvig